Responsen etter at Dan Browns The Lost Symbol vart slept laus på verda på tirsdag er variert, men for det meste positiv. Sannsynlegvis som den fyrste avisa i verda trykka VG May Grethe Lerum si bokmelding allerede på fredag, og er no anmeldt av forlaget Random House for brot på sperrefristen.
Aftenposten kallar si melding for “Da Vinci-koden en gang til“ og kan melde at sjølv om Brown ikkje legg den aller største fantasien for dagen, så er nok boka blitt nett slik fansen vil ha. Like kontroversiell som DVC trur ein imidlertid ikkje at TLS blir. Dagbladet sluttar seg til og hevdar at boka er “mer av det samme“, og bokmeldaren stiller til og med eit forsiktig spørsmål ved Browns påstand om at boka er “breddfull av fakta”. Dagsavisen på si side gjer eit poeng ut av å ha avslørt “oppskrifta” Brown nyttar for å dra oss med, men let seg likevel lure på andre område enn litteraturkritikken, når dei hevdar at Brown har “stor detaljkunnskap og viten om mytologi, historie, religion og symbolisme“. Eg har ikkje sjølv lese boka ferdig enno, men det eg har lest så langt tyder på at det nettopp er på detaljnivået Browns kunnskapar kjem til kort.
Andre omtalar:
BBC: Can we trust Dan Brown on the Freemasons? John Hamill og Martin Short er ueinige nok ein gong …
NPR: Secret Of The Masons: It’s Not So Secret. Videoinnslag med Jay Kinney, og S. Brent Morris i House of the Temple …
The Miami Herald: Dan Brown’s `The Lost Symbol’ full of empty teases. Balansert kommentar …
Catholic League: Dan Brown adores the masons. Furtent …

David Naughton-Shires er ein god ven, og eg vil gjerne nytte høvet til å gjere merksam på det nye nettmagasinet hans;
I eit intervju i avisa
Hypen rundt Dan Browns neste bok nådde eit nytt nivå i dag då henholdsvis britisk og amerikansk forsidedesign vart gjord offentleg. Capitolbygningen og frimurersymbol er sentrale på begge forsidene, men der 





