The Philalethes Society
The Philalethes Society kallar seg det eldste frittståande selskapet frimurerisk forskning. Sidan 1946 har selskapet utgjeve bladet Philalethes, og i mange år var dette eit vel ansett tidsskrift. Diverre vart standarden svært låg ein periode på 90-talet, men dei siste åra åra har ein gjort ein innsats for å få bladet attende til gamle høgder. Med Shawn Eyer som redaktør, utviding til 44 sider pr utgåve, og ny nettstad på plass, er ein på veg til å klare dette.
Ein får bladet tilsendt ved å bli medlem i The Philalethes Society . Dette kostar $60 i året om ein er busett utanfor USA, og inkluderer fire utgåver av Philalethes. Dessuten får ein andre føremoner, men berre abonnementet gjer at eit medlemsskap er verdt prisen.