Fyrste Prince Hall-storloge anerkjend i Norden

På grunn av hendingar tidleg i USA si historie har det utvikla seg ein parallell storlogestruktur innan dei nord-amerikanske statane, der medlemmane i hovudsak er sett saman av frimurarar med afro-amerikansk bakgrunn. Denne rørsla vert gjerne kalla Prince Hall, etter den fyrste mørkhuda amerikanaren som vart innvia i 1775. Systemet har i dag omlag 4500 loger, fordelt på 45 sjølvstendige jurisdiksjonar, og med over 300 000 medlemmer.

Prince Hall-logene har alltid operert på regulær måte, men har av ulike årsakar ikkje vert anerkjende av mainstream-frimureriet. Dei siste ti åra har vi imidlertid sett ei gledeleg endring i dette spørsmålet, og mange regulære storloger i USA har no anerkjend Prince Hall-motparten sin innan same stat, og deretter gjerne fleire andre. Andre storloger i andre deler av verda har deretter fylgd etter.

Most Worshipful Prince Hall Grand Lodge of North Carolina ser ut til å vere den av desse storlogene som mest aktivt har bede andre storloger om anerkjenning. Tradisjonelt startar ein slik prosess ved at den yngste storlogen vender seg til den eldste, men det ser ut til at North Carolina-brørne ikkje tar dette så alvorleg. I alle høve har dei på forespørsel blitt anerkjende av stologene både i Sverige og Finland, sjølv om sistnemnde ikkje vart grunnlagd før i 1924. Det er derfor grunn til å tru at Danmark, Noreg og Island har fått same forespørselen, og det er berre å vone at frimurarordnane i desse landa fylgjer Finland og Sverige sitt døme.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.